Førde kommune
Førde er ein tidlegare norsk kommune i Sunnfjord i tidlegare Sogn og Fjordane fylke på Vestlandet. Namnet Førde kjem av "firði", som tyder "inst i fjord". Førde kommune strekkjer seg frå inst i Førdefjorden til Jostedalsbreen. Han grensar til Jølster ved Moskog, til Sogndal på Jostefonn, til Gaular ved Rørvikfloten i Haukedalen og ved Langeland, til Askvoll vest for Heilevang og til Naustdal frå stranda aust for Naustdal sentrum og i øvre Angedalen. Førde var den største kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal frå 2007, då han vart større enn Flora kommune. 1. januar 2020 vart Førde ein del av den nye Sunnfjord kommune. Tettstaden Førde har hatt ein kraftig vekst dei seinare åra, og utvikla seg til å bli eit senter både i kommunen og i fylket. Førde er i dag ein moderne bygdeby med handel, service, helsevesen, kommunikasjon, utdanning og kultur. Flyplassen Førde lufthamn, Bringeland ligg i nabokommunen Gaular. SamfunnGrender/tettstaderNæringslivFørde er fylkessenter for utdanning, kultur og samferdsel, men byen er kanskje best kjend for å vere eit handelssentrum i Sogn og Fjordane. Byen har 4 store kjøpesenter, best kjend er kanskje Handelshuset med sine 60 butikkar. Elles har det vorte offentleg kjent at ingen annan norsk kommune har like mange frisørsalongar pr. innbyggjar som Førde. Dei seinaste åra har fleire store landsdekkande kjeder etablert seg i kommunen, der i mellom Biltema, Coop Extra og Hennes & Mauritz. HistorieFrå det kommunale sjølvstyret vart innført i Noreg i 1837, gjennom formannskapslovene, og fram til 1896 omfatta Førde kommune kyrkjesokna Førde, Holsen og Naustdal. I 1896 vart Naustdal skilt ut som eigen kommune. I 1965 vart kommunegrensene regulerte, og grendene frå Furevik i aust til Heilevang i vest på sørsida av fjorden frå Naustdal innlemma i Førde. Solheimsdalen og Fauske kom også med. [1] Prokuratoren Andreas Gunnerus Lind var den fyrste ordføraren i Førde, og sat frå 1838 til 1840. Kring 1870 vart det skipa Bondevenforeining, og dette vart det fyrste «politiske partiet» i både kommunen og fylket. Bondevenforeininga var avleidd av «jaabækianarane» på riksplan.[1] Staten utpeikte Førde som vekstsenter i 1965, og kommunen fekk med det hjelp til etablering og utvikling av industri og kulturtilbod. I 1997 fekk byen bystatus. FolketalsutviklingFolketalsutvikling for Førde kommune frå 1920:
KulturKommunevåpenFørde sitt kommunevåpen er teikna av Inge Rotevatn. Motivet er tre frå ardskjer/plogjarn på raud botn. Desse skal symbolisere landbruk (primærnæringa), vekst (vekstsenter) og utvikling (region og fylkessenter). Verd å sjå
Kjende førdianarar
KjelderFotnotar
Bakgrunnsstoff
|