Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Fylkesvåpen i Noreg

Norske fylkesvåpen og Svalbard sitt uoffisielle skjold med kvalrosshovud i glasmåleri på Statens kartverks bygg i Hønefoss.

Fylkesvåpena i Noreg er heraldiske merke som blir brukte som kjenneteikn og symbol for kvart av fylka i Noreg. Vedtaka om fylkesvåpena skjer i fylkestinget til det gjeldande fylket.

Dei norske fylkesvåpena er tradisjonelt prega av ein konsekvent flatestil. Motiva som er valde, er sentrale i heraldikken og speler samtidig på historia til fylka. Dei fleste norske fylkesvåpena er teikna av heraldikaren Hallvard Trætteberg, som allereie i 1930-åra hadde utarbeidd framlegg til våpen for fylkeskommunane og gjeve dei ut med kommentarar i bokform. Det første fylkesvåpenet vart teikna av Trætteberg i 1957, og høyrde til Nord-Trøndelag fylke. Vidare har han teikna fylkesvåpena til ØstfoldVestfold, Telemark, Rogaland, Nordland, Troms og Finnmark.

Fylkesvåpenet til Oslo — eller byvåpenet, som Oslo kommune sjølv kallar det — skil seg ut ved ikkje å vera eit heraldisk våpen, men eit mangefarga segl. Den noverande teikninga vart vedteke i 1924 til 300-årsferinga for grunnlegginga av Christiania. Fargane vart fastsette i «Designhandbok for Oslo» i 1990-åra. Ved byjubileet i 2000 innførte kommunen eit nytt flagg med byseglet på blå duk. Det er ikkje godkjent av Kongen og difor i strid med Lov av 29. juni 1933 om flagging på kommunale bygningar.

Fylkesvåpenet til Oppland er teikna av Arvid Sveen og var godkjent i 1989. Dette var i si tid det siste norske fylkesvåpenet som vart godkjent, og dermed hadde alle dei norske fylka fått sitt eige våpen.

Stortinget vedtok 8. juni 2017 samanslåing av fleire fylke. Samstundes er ordninga med at Riksarkivet skal gje råd om all offentleg heraldikk avvikla. Dei nye fylka som vart til i 2020, fekk uheraldiske våpen, eigentleg logoar, ettersom dei var utforma av amatørar. Dei kan ikkje som dei eldre fylkesvåpna blasonerast.

Fylkesvåpena i Noreg

Tidlegare fylkesvåpen

Sjå òg

Kjelder

Referansar
Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9