Froland kommune
Froland er ein kommune i Agder fylke. Kommunen grensar i nord mot Åmli, i nordaust mot Vegårdshei, i søraust og sør mot Arendal i sørvest mot Birkenes, og i vest mot Evje og Hornnes og Bygland. Kommunen vart til ved samanslåing av tidlegare Froland og Mykland kommunar i 1967. HistorikkFrolands verk vart grunnlagd som jernverk i 1763 og drive slik fram til 1867. Etter kvart tok skogsdrift og sagbruk over. I dag er hovudbygget frå 1791 freda, og den gamle stallen vert nytta som kultursenter. NæringslivEnergiselskapet Arendals fossekompani, grunnlagd 1896, driv tre kraftstasjonar i Froland og Åmli. Energiselskapet har hovudkontoret sitt på Bøylefoss i Froland. Nelaug i Froland er fyrste stasjon på Arendalsbanen (tidlegare Nelaugbanen), som bind saman Sørlandsbanen og Arendal. Kommunevåpenet vart godkjend i 1986. Det viser eit sylvfarga ekorn mot ein grøn bakgrunn. Grønfargen symboliserer skog og skogsdrift. Kjende personar med tilknyting til Froland
Bakgrunnsstoff |