Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Emile Berliner

Emile Berliner

FøddEmile Berliner
20. mai 1851
Hannover
Død3. august 1929
Washington
NasjonalitetKongedømet Hannover, USA
Områdemikrofon, Tutgrammofon, fonogram, helikopter, oppdagelser og oppfinnelser, teknologihistorie
Yrkeoppfinnar, gründer, elektroingeniør, industrieigar
Alma materCooper Union for the Advancement of Science and Art
BarnHenry Berliner, Herbert Samuel Berliner

Emile Berliner (20. mai 18513. august 1929) var ein tysk oppfinnar som er kjend for å ha utvikla grammafonplata. Han heite eigentleg «Emil», men etter at han emigrerte til USA hengde han på ein «e» og kalla seg «Emile». Det er det namnet han nytta på patenta sine.

Tidleg liv

Frå 1861 til 1865 var han elev ved Samson-skulen i Wolfenbüttel. Seinare studerte han til kjøpmann og arbeidde så i eit trykkeri og sin slipsbutikk, for å hjelpa familien økonomisk. For å koma seg unna preussisk militærteneste utvandra han i 1870 til USA, og i 1881 vart han statsborgar der. Han arbeidde fyrst i ein kortevarebutikk i Washington. Deretter reiste han til New York, der han livnærte seg med ymse småjobbar. I 1875 tok han til å studera på kveldstid, samstundes som han på datid arbeidde han som flaskevaskar i eit laboratorium. Han bygde seg eit provisorisk laboratorium i husværet sitt, der han eksperimenterte med ymse elektriske innretningar.

Han laga fyrst ein mikrofon for eit av telefonapparata til Bell, som han i 1877 selde til Bell Telephone Company for $ 50.000. Pengane gjorde han økonomisk uavhengig, slik at han kunne konsentrera seg om å arbeida med utvikling av teknologiske innretningar.

Utviklinga av grammofonplata

I 1887 søkte han patent på ei plate for lagring av lyd (ei grammofonplate), der rørslene til membranen modulerte rillene lateralt (sidevegs). Lateral modulering viste seg å vera mykje betre enn vertikal modulering, som på denne tida vart nytta for fonografar. Å ta opp lyd på ei skive hadde enda ein stor førmon over rullane som vart nytta i samband med fonografane, på det viset at dei kunne kopierast og mangfaldiggjerast. Det var platene til Berliner som la grunnlaget for 78-platene, og dei seinare mikrorilleplatene og stereoplatene. 78-platene dominerte opptak av lyd heit til bandopptakarar vart tilgjengelege etter 2. verdskrig. Saman med kringkasting via radio var grammofonplater det dominerande mediet for distribusjon av musikk til allmugen heilt fram til ca. midten av 1980-talet, då CD-platene tok over.

Føretakstiftingar

I tidsbolken 1881 til 1883 var Berliner i Hannover, der han saman med bror sin, Joseph Berliner, stifta føretaket J. Berliner Telephongesellschaft, som produserte deler til telefonapparat. Berliner stifta fleire føretak for innspeling og produksjon av grammofonplater: Deutsche Grammophon Gesellschaft (1889), United States Gramophone Company (1892), The Gramophone Company (London) (1897) og Berliner Gram-o-phone Company of Canada (1999).

Kjelder

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9