Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Elvemusling

Elvemusling
Elvemuslingar under vatn
Elvemuslingar under vatn
Utbreiing og status
Status i verda:
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av Elvemusling
Utbreiinga av Elvemusling
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Blautdyr Mollusca
Klasse: Muslingar Bivalvia
Underklasse: Palaeoheterodonta
Orden: Unionoida
Familie: Elvemuslingar Margaritiferidae
Slekt: Margaritifera
Art: Elvemusling M. margaritifera
Vitskapleg namn
Margaritifera margaritifera

Elvemusling eller elveperlemusling (Margaritafera margaritafera) er ein ferskvasslevande musling som finst i temperert, rennande vatn på den nordlege halvkula.[2] Arten er truga av utrydjing, hovudsakleg på grunn av forsuring av vassdrag. I tidlegare tider var han òg ein viktig ressurs som produsent av perler.

Elvemuslingen heldt til i låglandet i elvar med stille til middels straum. Dei finst på dei fleste typar substrat, og lever av mikroorganismar dei filtrerer or vatnet med gjellene sine. Larvane lever parasittisk i gjellene til laks eller aure.

Bestanden i Noreg er mellom dei sterkare i verda, men han er likevel rekna som sårbar av norsk raudliste. Særleg sør for Dovre er bestanden på veg ned; mykje fordi det ikkje skjer formeiring i nokon særleg grad. Dette kan ha fleire årsaker, mellom anna endringar i vertsdyrbestandane eller at dei individa som finst er over formeiringsdyktig alder.[1]

Raudlistevurdering

Muslingane flyttar seg i lita grad etter at dei har etablert seg på elvebotnen. Spreiing innover i vassdrag og mellom vassdrag skjer derfor medan muslinglarvane er festa til vertsfisken. Dyra blir normalt 150–200 år gamle i Noreg, men det er funne dyr i Sverige som er rundt 280 år gamle. I raudlistesammenheng blir likevel nytta ei antatt generasjonstid på 33 år. Tidlegare var perlefiske ei viktig årsak til tilbakegang, men dette har no opphøyrt, sjølv om det framleis slår noko ulovleg plukking. No er faktorar som eutrofiering, erosjon frå lands- og skogbruksområde, forsuring, utrydding av vertsfisk, vassdragsregulering, kanalisering, bekkelukking, drenering av myrar og anna utmark, snauhogst og giftutslepp m.m. viktigare.[1]

Vassdragsreguleringar påverkar i stor grad den naturlege vassføringa i elvar og bekker og vil derfor kunna endra habitatet til muslingane ved at variablar som flaum, vassfart, vanndekt areal og substratkvalitet blir påverka. På grunn av elvemuslingens strenge habitatkrav kan vasskraftreguleringar derfor potensielt føra til betydelege forstyrringar.

Konklusjon: Trass i at nokre bestandar synest å ta seg sakte opp, blir det forventa framleis bestandsnedgang på grunn av diverse truslar mot leveområda til arten, og arten vart sett på raudlista i 2021 som Sårbar (VU) grunna ein forventa nedgang i førekomstarealet til arten og/eller redusert kvalitet på levestadane. Noreg har eit betydeleg ansvar for å ta vare på elvemuslingen i Europa.[1]

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Bakken T, Olsen KM og Skahjem N (24. november 2021). «Bløtdyr: Vurdering av elvemusling Margaritifera (Margaritifera) margaritifera for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9