Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Drikkehorn

'Deveggehornet' frå Devegge-stua i Nes i Buskerud er truleg laga på slutten av 1600-talet. Foged Ivar Wiel såg hornet der i 1743, og omtalar det i Beskrivelse av Ringerikes og Hallingdals fogderider.[1] Hornet er no på Norsk Folkemuseum. Lengd 28 cm. NF.1914-0197
Dette drikkehornet frå Christiania er datert 1884 og er truleg gjeve som erkjentlighetsgave. Innskrift: '30 Mai / 1884 / NPE'. Hornet er no på Norsk Folkemuseum. NF.1914-0197.

Drikkehorn er eit drikkekar til vin, mjød eller øl, anten laga av eit dyrehorn eller med form som eit slikt horn. Det finst slike hornforma drikkekar i glas, metall og tre. Drikkehorn har ofte dekorerte beslag og to føter med dyreklør.

Horn er eit av dei eldste kjende drikkekara. Ei kvinne med eit drikkehorn, kjend som Venus frå Laussel, er avbilda på eit kalksteinsrelieff i Dordogne i Frankrike som blei hogd ut ca. 26.000 f.Kr.[2] Det ser ut til at drikkehorn blei brukt nord for Alpane, og allereie frå bronsealderen finst det horn laga i glas og metall. Mest kjend er dei danske gullhorna frå 400-talet. Dei blei stolne i 1802, men det er teikningar etter dei. Julius Cæsar fortel i De Bello Gallico at germanske unge menn jakta på urokser og at det var ei ære å kunne visa fram høgast tal horn som jakttrofe på tinget. Seinare innfatta dei kanten på horn i sølv og brukte dei som drikkekar i dei største drikkelaga sine.[3]

Bayeux-teppet, som blei brodert etter slaget ved Hastings i 1066, er det avbilda drikkehorn på bordet. Når drikkehorn er omtala i sogelitteratur og diplom frå mellomalderen er dei knytt til storfolk. Bevarte middelalderhorn med forgylte beslag og adelsåpen viser også at dei har høyrt heime i høgare samfunnslag. Men drikkehorn har også vore brukt i bondemiljøa, og dei kunne då vera laga av horn frå bøndene sine eigne dyr.[4]

Det var ein kunst å kunna drikka av store horn. Den som var utan erfaring kunne setja spissen opp, og fekk då heile innhaldet med stor fart rett i ansiktet.[5]

På 1500- og 1600-talet har drikkehorn vore brukt til juleølet, og på gamle primstavar er difor juledagane markert med drikkehorn, medan slutten på jula, tjuandedag jul, kan ha eit drikkehorn vend opp ned.

Om nokre horn, huldrehorn, finst det segner om at dei var komne frå dei underjordiske. Den svenske adelsslekta Trolle har til dømes ei soge knytt til seg om at eit medlem av slekta skal ha drepe eit troll og teke eit drikkehorn frå det, Våxtorpshornet eller Trollehornet.[6]

Med nasjonalromantikken blei det utbreidd med drikkehorn i borgalege miljø, men desse horna var nok helst til pynt og blei ofte gjevne som gåver. Dei er gjerne montert på ein høg fot og kan ha lok. I nyare tid er det også laget miniatyrhorn i glas eller metall til å drikka brennevin av.

Kjelder

  1. Topografisk journal 31 s. 174.
  2. Umberto Sansoni. «The value of life in the images of Prehistory in Europe» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 19. august 2010. Henta 13. april 2011. 
  3. Grieg (1949) s. 24
  4. Visted og Stigum (1952) s. 110
  5. Visted og Stigum (1952) s. 111
  6. Bratberg, Terje. (15. februar 2009). «Trolle: svensk uradelsslekt». Store norske leksikon. 
Litteraturliste
  • Gjærder, Per (1975): Norsk drikkekar av tre. Bergen – Oslo – Tromsø
  • Grieg, Sigurd (1949): Et norsk drikkehorn i Nordiska museet i: Fataburen. Nordiska museets och Skansens årsbok, s. 19-34. Stockholm
  • Hamran, Ruth (1979): Aust-Agder museets middelalderhorn. (Aust-Agder arv 1977-1978 s. 11-36.) Arendal.
  • Løberg, Leif (1960): Norske heraldiske horn i: By og Bygd, bind XIII, Norsk Folkemuseums årbok 1958-59. side 137-152. Oslo
  • Magerøy, Ellen Marie (1970): Utskårne drikkehorn fra Island i: By og Bygd, bind XXII, Norsk Folkemuseums årbok 1970. side 67-96. Oslo
  • Marstrander, Finn (1979): Nerstenhornets latinske innskrift. (Aust-Agder arv 1977-1978, s. 5-10.) Arendal.
  • Visted , Kristoffer og Stigum, Hilmar (1952): Drikkekar og drikkeskikker i Vår gamle bondekultur, bind 2, s. 105 – 136. Oslo
  • Wiel, Ivar (1803): Beskrivelse av Ringerikes og Hallingdals fogderider i Topografisk Journal 31. Christiania

Bakgrunnsstoff

Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9