Daddel
Daddel er frukta frå daddelpalmen (Phoenix dactylifera) i daddelpalmeslekta i palmefamilien.[1] Ein dyrkar dadlar i tørre delar av Asia og Nord-Afrika, særleg i oasar. Daddeldyrking er særleg viktig i Midtausten. SkildringDaddelpalmen er eit mellomstort tre, 15-25 meter høgt, som kan ha fleire stammar frå same rotsystemet eller ein enkel stamme. Blada er 3-5 meter lange. ![]() DadlarDaddelfrukta er eigenleg eit bær som inneheld eitt frø. Ein har brukt dadlar til mat i Midtausten i tusenvis av år. Dei har vore dyrka frå Mesopotamia til Egypt, kanskje så tidleg som 4000 f.Kr Arkeologiske funn tyder på at dadlar kan ha vore kultiverte aust i Arabia i 6000 f.Kr ![]() DyrkingDaddelpalmar blir dyrka for frukta, for å gje ly og som prydplante. Verdas eldste spirande frøEit 2000 år gammalt daddelfrø frå Masada nær Daudehavet vart i 2008 det eldste frøet i verda ein har fått til å spira.[2] Førebels undersøkingar har vist at planta deler omtrent halvparten av DNA-et med tre moderne variantar av daddelpalmen, frå Egypt, Irak og Marokko. Daddel i kulturenDaddelpalmen har lenge vore ein viktig kulturplante i området ho veks i. Han er nemnd fleire gonger i Bibelen og Koranen, og blir mellom anna nytta til å byggja lauvhytter under den jødiske sukkothøgtida. Palmegreinene er mellom anna eit symbol for siger, og kan brukast til å markera palmesundag. Innan islam er det vanleg å bryta fasta under ramadan med dadlar og vatn. Ifølgje tradisjonen likna Muhammed ein god truande med daddelpalmen.[3] Daddelpalmen er eit nasjonalsymbol for Saudi-Arabia, som nytter han i riksvåpenet. Han er også avbilda på pengar og frimerke frå Algerie, Libya og Tunisia.[4] Daddelpalme i NoregI Noreg er daddelpalme ein framandart som er innført som matvare, og det er funne frøplanter som har spira på deponi for matavfall kring Oslofjorden og i Trøndelag frå 1950.[5] Kjelder
Bakgrunnsstoff![]()
|