Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Brusk

Lysmikroskopi av hyalin brusk visar kondrocyttar, organeller, lakuner og ekstracellulær matriks.

Brusk er eit fleksibelt bindevev som finst i kroppen hjå dyr og menneske.[1] Brusk er utbreidd i ledda mellom knoklar, brystkassen, øyret, nasa, bronkietreet og i mellomvirvelskivene. Det er ikkje like stivt som bein, men stivare og mindre fleksibelt enn musklar.

Stivleiken i brusken medverkar til å halde røyr og kanal i kroppen opne. Eit døme på dette er bruskringane rundt luftrøyret, medrekna ringbrusken og bifurkaturen, torus tubarius ved opninga av øyretrompeten, nasevinga i nasebora og aurikkelen i øyret.

Brusk er samansett av spesialiserte celler kalla kondrocyttar som dannar store mengder ekstracellelulær matriks. Matriksen er samansett av kollagenfiber, grunnsubstans med mykje proteoglykan, og elastinfiber. Brusk blir klassifisert som elastisk, hyalin og fibrøs, avhengig av korleis intercellulærsubstansen er bygd opp.[1] Kondroblastar som blir fanga i matriksen blir kalla kondrocyttar. Desse ligg i små rom kalla lakuner med opptil åtte kondrocyttar per lakune.

Brusk inneheld ikkje blodårer, til skilnad frå andre bindevev. Kondrocyttane blir forsynt gjennom diffusjon. Kompresjon av artikulært brusk og fleksjon av elastisk brusk medverkar til å pumpe næringsstoff.[2] Dette fører til at brusk lækjar seinare enn andre slag av bindevev.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 Walberg, Fred; Åbro, Arnold (15. februar 2009). «brusk». Store norske leksikon. Henta 15. februar 2015. 
  2. Holck, Per (26. januar 2015). «brusk». Store medisinske leksikon. Henta 15. februar 2015. 
Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9