Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Bosporos

Bosporos
sund
Satellittbilete av Bosporos, tatt frå Den internasjonale romstasjonen i april 2004
Land  Tyrkia
Del av Svartehavet, Marmarahavet
Kart
Bosporos
41°07′N 29°05′E / 41.12°N 29.08°E / 41.12; 29.08
Wikimedia Commons: Bosphorus

Bosporos (gresk Βόσπορος, tyrkisk Boğaziçi) er sundet som utgjer ein del av grensa mellom Europa og Asia. Det er ein internasjonal skipsferdselsveg som deler byen Istanbul mellom dei to verdsdelane, og knyter Svartehavet med Marmarahavet. Ca. 200 km mot sørvest ligg det andre sundet i Tyrkia som skil Europa frå Asia, Dardanellane. Dardanellane set Marmarahavet i samband med Egearhavet og dermed med Middelhavet.

Namnet kjem frå gresk Bosporos (Βόσπορος),[1] som dei gamle grekarane analyserte som bous βοῦς 'okse' + poros πόρος som tyder 'vadestad'.

Skildring

Grensene for Bosporos er definerte som linja mellom fyra Rumeli Feneri og Anadolu Feneri i nord og mellom Ahırkapı Feneri og Kadıköy İnciburnu Feneri i sør. Mellom desse grenselinjene er sundet 31 kilometer langt, med ei breidde på 3329 meter ved den nordlege inngangen og 2826 m ved den sørlege. Maksimal breidde er 3420 m mellom Umuryeri og Büyükdere Limani, og den minimale breidda er 700 m mellom Kandilli Point og Aşiyan. Ved sistnemnde staden har sundet ei retningsendring på 45 grader og her kan straumen kome opp i ei fart på 7-8 knop. Dette er derfor eit særs farleg punkt for skipsnavigasjonen. Ved Yenikoy er retningsendringa heile 80 grader. Skipa som trafikkerer her frå motsett retning kan ikkje sjåast rundt desse svingane i sundet. Det er òg svært tung ferjetrafikk i Bosporos, trafikk som kryssar mellom den europeiske og asiatiske sida av Istanbul.[2]

Djupna av Bosporos varierer i området 36–124 meter midtstraums med eit gjennomsnitt på 65 m. Den største djupna er mellom Kandilli og Bebek med 110 m. Dei grunne stadene er utanfor Kadıköy İnciburnu på nordkurs med 18 m og ved Aşiyan Point på sørkurs med 13 m.[2]

Kysten av sundet er tett folkesett ettersom det er en del av byen Istanbul med samla i overkant av 11 millionar innbyggjarar.

Kjelder

Referansar

  1. Entry: Βόσπορος at Henry George Liddell, Robert Scott, 1940, A Greek-English Lexicon.
  2. 2,0 2,1 «Türk Boğazları ve Marmara Denizi'nin Coğrafi Konumu-İstanbul Boğazı» (på tyrkisk). Denizcilik. Henta 18. september 2010.  Word-dokument på tyrkisk
Kembali kehalaman sebelumnya


Index: pl ar de en es fr it arz nl ja pt ceb sv uk vi war zh ru af ast az bg zh-min-nan bn be ca cs cy da et el eo eu fa gl ko hi hr id he ka la lv lt hu mk ms min no nn ce uz kk ro simple sk sl sr sh fi ta tt th tg azb tr ur zh-yue hy my ace als am an hyw ban bjn map-bms ba be-tarask bcl bpy bar bs br cv nv eml hif fo fy ga gd gu hak ha hsb io ig ilo ia ie os is jv kn ht ku ckb ky mrj lb lij li lmo mai mg ml zh-classical mr xmf mzn cdo mn nap new ne frr oc mhr or as pa pnb ps pms nds crh qu sa sah sco sq scn si sd szl su sw tl shn te bug vec vo wa wuu yi yo diq bat-smg zu lad kbd ang smn ab roa-rup frp arc gn av ay bh bi bo bxr cbk-zam co za dag ary se pdc dv dsb myv ext fur gv gag inh ki glk gan guw xal haw rw kbp pam csb kw km kv koi kg gom ks gcr lo lbe ltg lez nia ln jbo lg mt mi tw mwl mdf mnw nqo fj nah na nds-nl nrm nov om pi pag pap pfl pcd krc kaa ksh rm rue sm sat sc trv stq nso sn cu so srn kab roa-tara tet tpi to chr tum tk tyv udm ug vep fiu-vro vls wo xh zea ty ak bm ch ny ee ff got iu ik kl mad cr pih ami pwn pnt dz rmy rn sg st tn ss ti din chy ts kcg ve 
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9