Amt i NoregAmt i Noreg er ei opplisting av tidlegare amt i Noreg. Amt var frå 19. februar 1662 eit namn på dei danske og norske forvaltningsområda, og avløyste nemningane len og syssel. Frå 1. januar 1919 blei amta i Noreg kalla fylke og amtmennene fekk tittelen fylkesmann. Hovudamta fall saman geografisk med bispedøma. Eit hovudamt som svara til eit bispedøme i utstrekning blei kalla stift. Mens den kyrkjelege leiinga var lagd til biskopen, blei stiftet leidd av ein verdsleg embetsmann kalla stiftamtmann. Leiaren for administrasjonen av dei andre amta blei kalla amtmann. Opphavleg amtsinndelingDen nye inndelinga bestod opphavleg av fire hovudamt og åtte underamt. Dei fire hovudamta var: Opphavlege underamtFrå 1671 var landet delt inn i dei fire hovudamta eller stiftsamta og det var til saman ni underliggjande amt:
Amt frå 1730I 1730 hadde Noreg følgjande amt:
I tillegg var det på denne tida to grevskap som fall utanom den vanlege amtsinndelinga: Finmarkens amt blei danna i 1787.[1] Tromsø amt blei danna i 1866.[1] Amtsinndeling i 1917
Kjelder
|