Hundreåret er rekna som ein del av antikken i middelhavslanda, og var i byrjinga av hundreåret prega av maktbalanse mellom dei greske hellenistiske kongedøma i aust og handelsfolka frå Kartago i vest. Konflikt mellom Kartago og Den romerske republikken førte seinare til ubalanse og krig. Dei to punarkrigane førte til romersk dominans i området.
221 f.Kr: Ptolemaios IV av Egypt overtok som farao etter den avdøde faren. Han utnemnde Sosibius til sjefsminister, som fekk mykje makt. Påverka av Sosibius fekk den nye faraoen drepen onkelen Lysimakos, broren Magas og mora Berenike II.
279 f.Kr: Første kjende omtale av Beograd under namnet Singidun
264 f.Kr: Den første punarkrigen braut ut då mamertinane på Sicilia bad om assistanse frå både Roma og Kartago for å ta seg av åtaka til Hiero II av Syrakus. Roma svarte først etter at Kartago hadde sendt troppar og den lokale konflikten eskalerte snart til full krig.
Kartagenarar under general Hamilcar nytta sigeren ved Thermae på Sicilia til å ta byen Enna. Hamilcar fortsette sørover mot Siracusa for å prøva å få ny støtte mot romarane derfrå.
221 f.Kr: Hannibal blei utnemnd til leiar for den kartagenske hæren i Iberia etter at ein keltisk snikmordar drap føregjengaren Hasdrubal. Hannibal gifta seg med ei lokal høvdingdotter, Imilce, og overvann fleire iberiske stammar. Mellom anna Altea blei teken av kartagenske styrkar.