Årdal kommune61°14′N 7°42′E / 61.233°N 7.700°E
Årdal kommune er ein industrikommune i Indre Sogn i Vestland fylke. Kommunen ligg inst i Sognefjorden, og grensar i nord og vest til Luster, i aust til Vang (i Oppland fylke) og i sør til Lærdal. Skagastølstindane ligg på grensa mellom Luster og Årdal kommunar. Toppen av Storen (Store Skagastølstind), som er den sørlegaste av Skagastølstindane, markerer kommunegrensa. Hydro aluminium driv aluminiumsverk i Årdal, Årdal og Sunndal Verk. Dei fleste innbyggjarane bur i ein av tettstadane Øvre Årdal og Årdalstangen. Årdalsvatnet ligg mellom desse. Det er Årdalstangen som er kommunesenter. Årdal vidaregåande skule i Øvre Årdal tilbyr utdanning] innan almenne fag, elektrofag, mekaniske fag, helse- og sosialfag og kjemi og prosessfag. KommunesogeÅrdal kommune vart oppretta i 1860 ved at området vart skilt ut frå Lærdal kommune. Kommunen har sidan hatt utstrekkinga han fekk då, med eit unntak for gardane Muggeteigen og Bermål som vart overførte til Lærdal i 1964.[1] FolketalsutviklingÅrdal kommune hadde sterk auke i folketalet i etterkrigsåra i samband med utbygginga av industrien. I 1953 gjekk Årdal forbi Kyrkjebø i folketal, og vart den største kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal, fram til kommunesamanslåingane i 1964 då den nye storkommunen Flora vart større. Men folketalet i Årdal heldt fram å veksa og nådde toppen i 1972, då det var registrert 7556 innbyggjarar i kommunen.[2] Sidan då har folketalet vore i jamn tilbakegang, men har auka svakt att frå 2006 til 2010. Folketalsutvikling for Årdal kommune frå 1920:
Årdal prestegjeldÅrdal var òg namnet på eit prestegjeld fram til 2004. Det hadde same utstrekkinga som Årdal kommune og var frå 1970 deld i to sokn, Øvre Årdal og Nedre Årdal. Det er to kyrkjer i det tidlegare prestegjeldet, Farnes kyrkje frå 1970 i Øvre Årdal, og Årdal kyrkje frå 1867 på Årdalstangen. Kyrkja på Årdalstangen erstatta ei stavkyrkje frå 1100-talet. Prestegjeldet vart oppretta i 1863 då området vart utskild frå Lærdal prestegjeld. Fram til 1970 var det berre eit sokn, kalla Årdal sokn, i prestegjeldet.[5] Frå 2004 har prosten i Indre Sogn prosti leia prestetenesta i Årdal. Tettstader
Kjende personar fra Årdal
Bilde frå Årdal
Sjå òg
KjelderReferansar
BakgrunnsstoffArkiv frå Årdal kommune - registrerte i Arkivportalen.no
|