Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

 

Benito Mussolini

Benito Mussolini

Fødd29. juli 1883
Predappio
Død28. april 1945 (61 år)
Statsborgar avDen italienske sosialrepublikk, Kongedømet Italia
PartiFascistpartiet i Italia (1921; 1943), Det italienske sosialistpartiet (1901; 1914)
Yrkejournalist, lærar, politikar, fascist
InstitusjonarAvanti!
Utdanna vedUniversité de Lausanne
MorRosa Maltoni
FarAlessandro Mussolini
EktefelleRachele Guidi, Ida Dalser
SambuarIda Dalser, Margherita Sarfatti, Clara Petacci, Bianca Ceccato
BarnBruno Mussolini, Edda Ciano, Vittorio Mussolini, Anna Maria Mussolini, Romano Mussolini, Benito Albino Dalser
MedlemDet store rådet
Accademia delle Arti del Disegno
VervItaliensk statsminister 1922-1943
FøregangarLuigi Facta
EtterfylgjarPietro Badoglio
Alle verv
  • statsminister i Kongeriket Italia (1922–1943)
  • First marshal of the empire (1938–1943)
  • innenriksminister i Kongeriket Italia (1922–1924)
  • innenriksminister i Kongeriket Italia (1926–1943)
  • utanriksminister (Den italienske sosialrepublikk, 1943–1945)
  • premierminister (Den italienske sosialrepublikk, 1943–1945)
  • utenriksminister i Kongeriket Italia (1922–1924)
  • utenriksminister i Kongeriket Italia (1924–1929)
  • utenriksminister i Kongeriket Italia (1932–1936)
  • utenriksminister i Kongeriket Italia (1943–1943)
  • Kongeriket Italias minister for offentlig arbeid (1929–1929)
  • Kongeriket Italias minister for offentlig arbeid (1930–1930)
  • Kongeriket Italias minister for offentlig arbeid (1935–1935)
  • Kongeriket Italias forsvarsminister (1925–1926)
  • Kongeriket Italias forsvarsminister (1926–1929)
  • Kongeriket Italias forsvarsminister (1933–1943)
  • Kongeriket Italias marineminister (1925–1926)
  • Kongeriket Italias marineminister (1926–1929)
  • Kongeriket Italias marineminister (1933–1943)
  • Kongeriket Italias minister for luftvåpenet (1923–1925)
  • Kongeriket Italias minister for luftvåpenet (1925–1926)
  • Kongeriket Italias minister for luftvåpenet (1926–1929)
  • Kongeriket Italias minister for luftvåpenet (1933–1943)
  • Kongeriket Italias minister for Italiensk Afrika (1924–1924)
  • Kongeriket Italias minister for Italiensk Afrika (1928–1929)
  • Kongeriket Italias minister for Italiensk Afrika (1935–1943)
  • Kongeriket Italias korporasjonsminister (1926–1929)
  • Kongeriket Italias korporasjonsminister (1929–1936)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1921–1924)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1924–1929)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1929–1934)
  • medlem av Kongeriket Italias deputertkammer (1934–1939)
  • national councillor to the Chamber of Fasci and Corporations (1939–1943) Sjå dette på Wikidata

Benito Amilcare Andrea Mussolini (29. juli 188328. april 1945) var ein italiensk diktator, kalla Il Duce, leiar i landet frå 1922 til 1943. Han er kjend som «far til fascismen» og styrte landet med bruk av vald, propaganda og total kontroll av media.

Liv

Mussolini vart fødd i den italienske landsbyen Predappio den 29. juli 1883. Han var son av Alessandro Mussolini og kona Rosa. Han vart kalla opp etter Benito Juarez, den meksikanske venstrepolitikaren og presidenten. Han var lenge aktiv sosialist, og arbeidde i nokre år som sekretær i sosialistpartiet i Forli, og redaktør i den lokale klassekamp- avisa, «La Lotta di Classe». Då Italia gjekk til krig mot Tyrkia i 1911, vart Mussolini fengsla for å ha distribuert pasifistisk propaganda. Seinare flytta han til Milano for å verta redaktør for sosialistpartiet si offisielle avis, «Avanti». I Milano vart han ein leiarfigur i sosialistmiljøet.

I 1914 tok den fyrste verdskrigen til. Mussolini var mot krigen, og meinte at Italia burde halda seg utanom. Nokre månadar etter krigsutbrotet endra han meining. Han melde seg ut av sosialistpartiet og sa opp redaktørstillinga.

Fascismen blir til

Mussolini til venstre for Adolf Hitler under ei vitjing til okkuperte Jugoslavia.
Mussolini på talarstolen
Mussolini paraderer saman med Adolf Hitler på vitjing i Italia.

Etter krigen fann han opp den nye politiske retninga fascismen. Dei fascistiske kampgruppene fór rundt i landet og terroriserte sosialistane, som Mussolini no hata meir enn nokon andre. Styresmaktene såg gjennom fingrane med denne verksemda, og rikfolk stilte med lastebilar for transport. Etter marsjen mot Roma (der Mussolini køyrte det meste av vegen med tog i sovevogn) vart han gjord til regjeringssjef i ei borgarleg koalisjonsregjering frå 1922, og etter ei gradvis utbygging av makta til fascistane, var landet frå 1927 ein fascistisk eittpartistat. I 1925 vart leiaren for sosialistane, Giacomo Matteotti, bortført og myrda som ledd i denne prosessen.

Etter at Adolf Hitler tok makta i Tyskland i 1933 vart Italia etter kvart alliert med Tyskland. Tyske og italienske styrkar kjempa saman i den spanske borgarkrigen, på general Franco si side, mot den venstreorienterte Folkefronten.

Mussolini hadde tankar om at Italia skulle verta ei stormakt på line med Romarriket. Mellom anna difor invaderte Italia Etiopia og Albania.

Italia vart med i den andre verdskrigenTyskland og Japan si side. Etter at Italia vart invadert av dei allierte i 1943 vart Mussolini avsett. Tyskarane okkuperte då dei nordlege delane av Italia, og Mussolini fekk styra i namnet der.

Mussolini vart avretta av italienske anti-fascistiske partisanar i april 1945. I tysk uniform hadde han prøvt å rømma til Bayern over Sveits. Han vart fanga, skoten og hengd opp ned i ein garasje saman med elskarinna si.

Ettermæle

Mussolini var ein brutal diktator som tok Italia inn i ein krig dei skulle tapa. Likevel er han fortsatt populær blant ein del italienarar.

Barnebarnet Alessandra Mussolini er medlem av det italienske parlamentet, og gjorde eit poeng av å setja seg på bestefaren sin tidlegare plass.

Etterfølgjarpartiet til det italienske fascistpartiet, Aleanza Nazionale, var ein del av Silvio Berlusconi si borgarlege koalisjonsregjering, som måtte gå av etter valnederlaget i 2006.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Benito Mussolini
Kembali kehalaman sebelumnya