Yngve Hågensen
Yngve Helmer J. Hågensen (13. juli 1938–16. juni 2023) var leiar for Landsorganisasjonen frå 1989 til 2001. Hågensen budde på barneheim som barn, fyrst i Vardø under andre verdskrigen, seinare i Bærum. Då han var 14 år gamal starta han å jobbe som visargut i Halden, og fekk seinare jobb på Saugbruksforeningen frå 1955 til 1969. Han vart aktiv innafor idrett og som speidar, og vart rekruttert til fagforeningsarbeid. Han fekk jobb som distriktssekretær for LO i Møre og Romsdal i fire år, frå 1969 til 1973 og fekk ein liknande jobb i Oslo og Akershus. Han jobba i sekretariatet i LO frå 1977 til 1989. BokYngve Hågensen gav i 2004 ut boka Gjør din plikt, krev din rett! der han skriv om barndomen sin og sitt yrkesliv. I boka legg han heller ikkje fingrane imellom der han fortel om kampane mot Gro Harlem Brundtland og andre samheldstopper.
Bakgrunnsstoff
|