Vjosa Osmani
Vjosa Osmani-Sadriu (fødd 17. mai 1982 i Mitrovica) er ein kosovisk jurist og politikar som 4. april 2021 blei vald til president i Kosovo. Før dette var ho president i den kosoviske nasjonalforsamlinga, og i kraft av dette vervet var ho fungerande president i Kosovo frå 5. november 2020. Ho er professor i juss ved Universitetet i Priština og gjesteprofessor ved Universitetet i Pittsburgh. Ho tilhøyrde det sentrum-høgreorienterte partiet Lidhja Demokratike e Kosovës (LKD) og var statsministerkandidat for partiet ved parlamentsvalet i Kosovo i 2019.[1] Før presidentvalet i 2021 braut ho ut av LDK og stifta partiet Guxo (‘tør!’) som stilte felles valliste med sentrum-venstrepartiet Vetëvendosje.[2] BiografiOsmani-Sadriu er fødd 17. mai 1982 i Mitrovica i det dåverande Jugoslavia og seinare del av Kosovo. Ho har mastergrad og doktorgrad i juss frå Universitetet i Priština og har undervist i internasjonal rett og statsrett både i Priština og ved Universitetet i Pittsburgh. Ho er leiar for utanrikskomitéen til nasjonalforsamlinga og har også hatt leiarverv i andre komitéar. I tillegg til morsmålet snakkar ho engelsk, tyrkisk, spansk og serbisk, og ho har gjeve ut ei rekkje bøker innanfor sitt juridiske fagfelt. Osmani er gift og har to barn.[1] Politisk karriere27. august 2009 blei Osmani utnemnd til stabsleiar for president Fatmir Sejdiu. I 2019 blei ho vald inn til sin tredje periode i nasjonalforsamlinga. Politisk er ho kjend for sitt engasjement for sjølvstendet til Kosovo.[1] I 2019 var Osmani statsministerkandidat for partiet sitt Lidhja Demokratike e Kosovës og ho meinte landet var modent for ein kvinneleg statsminister. I valkampen la ho vekt på å kjempe imot korrupsjon og å fremje marknadsreformar.[3][4] Den 4. april 2021 valde nasjonalforsamlinga Osmani som landets president. Valet av Osmani var lenge truga av ein boikott i parlamentet. Til slutt blei ho likevel vald av 71 av 120 medlemmar i parlamentet. 82 medlemmar var til stades under avrøystinga og 11 av dei gav ugyldige røyster.[5][6] Ved valet av Osmani hadde Kosovo stått utan president sidan 2020, då Hashim Thaçi blei tiltalt for krigsbrotsverk. Osmani vikarierte i vervet i kraft av å vere president i nasjonalforsamlinga.[6] Kjelder
|