Vegard Ulvang
Vegard Ulvang (fødd 10. oktober 1963) er ein norsk langrennslaupar frå Kirkenes i Sør-Varanger kommune. Han var med i OL i Calgary (1988), Albertville (1992) og på Lillehammer (1994) og fekk tre gull, to sylv og ein bronsemedalje. I perioden 1989–1997 vann han 9 renn i verdscupen. Han vann verdscupen samanlagt i 1990 og kom på andreplass i 1989 og 1992. Etter at Ulvang la opp som skirennar har han byrja med ein eigen kleskolleksjon, og var elles ofte å sjå på TV 2 saman med Arne Hjeltnes, Arne Brimi og Bjørn Dæhlie i programmet Gutta på tur. Prisar og utmerkingar
Bakgrunnsstoff
|