South Waikato District
South Waikato District ligg mellom byane Hamilton i nord, Rotorua i aust, Taupo i sør, og Ruhepehu District mot vest på Nordøya på New Zealand. Distriktet ligg i regionen Waikato. Ngāti Raukawa er den største iwien i området. Det er 32 maraear i distriktet, mellom desse Papa te Aroha marae, Aotearoa marae, Pikitu marae (Nga-Huri), Pōhara marae (Ngati Koriki), Ngatira marae (Ngati Ahuru) og Tarukenga marae (Ngati Te-Ngakau). I distriktet ligg byane Tokoroa, Putaruru, Tirau og Arapuni. Setet til distriktsstyret, South Waikato District Council, er Tokoroa. Ved folketeljinga i 2006 var folketalet i distriktet 22 641, av desse budde 65% i Tokoroa. Av innbyggjarane i distriktet rekna 6 711 seg som māoriar[3]. Putaruru hadde 3765 innbyggjarar, og Tirau 732. Folketalet i distriktet har gått merkbart attende det siste tiåret, frå 25 011 ved folketeljinga i 1996[3]. Hovudnæringsvegane i distriktet er skogbruk og produksjon av tømmer. Vest i distriktet ligg fleire vasskraftverk. Referansar
Bakgrunnsstoff |