Radka Toneff
Radka Toneff (25. juni 1952–21. oktober 1982) var ein norsk jazzmusikar og komponist. Frå 1975 til 1980 var mellom anna Arild Andersen og Jon Eberson med i kvintetten Radka Toneff Quintet. I 1977 vann Radka Toneff Spellemannprisen i klassen vokalist for plata Winter Poem. I 1980 deltok ho i Melodi Grand Prix der ho framførte songen «Parken» av Ole Paus. Under Spellemannprisen 1993 vann ho prisen i klassen jazz for Live in Hamburg, som vart utgjeven posthumt, 11 år etter at Toneff døydde. LivToneff vart fødd i Oslo som dotter av den bulgarske folkesongaren Toni Toneff og Lilly-Ann Drivenes.[1] Ho voks opp på Lambertseter i Oslo og på Kolbotn. Seint på 1960-talet blei ho del av musikkmiljøet rundt Club 7.[1] EttermæleRadka Toneffs Minnefond blei oppretta til minne om henne,[1] og står bak utdelinga av Radka Toneff Minnepris. Toneff er minna i diktet «Der bjørketreet stod» av Jan Erik Vold.[1] Plata Fairytales vart kåra til «tidenes norske plate» av 100 norske musikarar på oppdrag fra Morgenbladet (2011).[2][3] Plater
Kjelder
Bakgrunnsstoff |