Paul Adrien Maurice Dirac Fødd Paul Adrien Maurice Dirac8. august 1902 Bristol , England Død 20. oktober 1984 Tallahassee , Florida , USA Nasjonalitet Sveitsisk (til 1919)Britisk (frå 1919)[ 1] Område teoretisk fysikk , matematikk , kvantemekanikk , kvanteelektrodynamikk Yrke matematikar , teoretisk fysikar , professor , fysikar , vitskapsperson , akademikar , lærar , lærar , ingeniør Institusjonar University of Miami Florida State University University of Cambridge St John's College Alma mater University of Bristol University of Cambridge Cotham School Doktorgradsrettleiar Ralph H. Fowler Kjend for Diraclikninga Diracs deltafunksjon Fermi–Dirac-statistikk Dirac-måling Medlem Royal Society Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det pavelege vitskapsakademiet Det sovjetiske vitskapsakademiet Accademia Nazionale dei Lincei American Academy of Arts and Sciences American Physical Society National Academy of Sciences Accademia delle Scienze di Torino Indian Academy of Sciences Chinese Physical Society Royal Irish Academy Royal Society of Edinburgh Institut de France Vitenskapsakademiet i Lisboa Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab Det franske vitskapsakademiet Religion Ateisme
Nobelprisen i fysikk1933
Paul Adrien Maurice Dirac (8. august 1902 –20. oktober 1984 ) var ein britisk fysikar fødd i Bristol . Etter studium ved Saint John's College i Cambridge vart Dirac lucasiansk professor i matematikk ved Universitetet i Cambridge i 1932. Allereie medan han endå var student, såg han for seg ein særs elegant formalisme, som gav ei ny forklaring av kva kvantetilstandane i kvanteteorien eigenleg er, ved å identifisere dei med vektorar i eit Hilbertrom . Denne formalismen gjorde det mogleg å sameine dei to formuleringane av kvantemekanikken som fanst på dette tidspunktet, nemleg Schrödinger og de Broglies bølgjemekanikk og Heisenbergs matriseformulering .
Dirac er ein av grunnleggjarane av den relativistiske kvantemekanikken : Bølgjelikninga oppkalla etter Dirac, er den første formulering av kvanteteorien som er konsistent med relativitetsprinsippet . Med utgangspunkt i den relativistiske bølgjelikninga forutsa Dirac eksistensen av positronet , ein hypotese som seinare vart stadfesta ved oppdaginga av antimaterien .
Dirac bidrog òg til utarbeidinga av teorien for dei statistiske eigenskapane til kvantepartikler med halvtalig spinn , som vert kalla Fermi-Dirac-statistikk .
Dirac mottok saman med Erwin Schrödinger Nobelprisen i fysikk i 1933. Boka hans The Principles of Quantum mechanics (1930 ) er ei av dei mest grunnleggjande bøkene i kvanteteorien. Han døydde i Tallahassee i 1984.
Kjelder
↑ Helge S. Kragh (1990). Dirac: a scientific biography . Cambridge University Press. s. 2.
Bakgrunnsstoff
1901–1925 1926–1950 1951–1975 1976–2000 2001–