Kvitsjøen
Kvitsjøen (russisk Белое море, Beloje More; finsk Vienanmeri) er ei bukt i Barentshavet på nordvestkysten av Russland. Ho er omgjeven av Karelia i vest, Kolahalvøya i nord og Kaninhalvøya i nordaust. Hamnebyen Arkhangelsk ligg ved Kvitsjøen. Gjennom store delar av russisk historie har dette vore det største senteret for internasjonal sjøhandel i Russland, utført av dei såkalla pomorane frå Kholmogory. I moderne tider har området vore ein viktig sovjetisk marine- og ubåtbase. Kvitsjø-Austersjø-kanalen går frå Kvitsjøen til Austersjøen. Heile Kvitsjøen er under russisk kontroll og vert rekna som russisk indre farvatn. Det er fire store bukter i Kvitsjøen. Frå vest til aust er desse Kandalakshabukta, Onegabukta, Dvinabukta og Mezenbukta. ØyarDet er særs mange øyar i Kvitsjøen, men dei fleste av dei er små. Den største øygruppa i Kvitsjøen er Solovetskijøyane, som ligg nesten midt i området. Kijøya i Onegabukta er historisk viktig på grunn av klosteret som står her. Velikijøya, som ligg nær kysten, er den største øya i Kandalakshabukta. Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kvitsjøen
|