Eirik Vandvik
Eirik Vandvik (16. oktober 1904–19. september 1953) var ein norsk språkvitar og omsetjar. Han vart fødd i Suldal, og døydde i Oslo. Bakgrunn og oppvekstEirik Vandvik var son av Bertrand Vandvik frå Vanvik i Hylsfjord og Inger Albertsdotter f. Aarhus, frå Bråtveit i Suldal. Han vart fødd i Bråtveit i Suldal kommune, der faren då var lærar. Eirik vart nummer 3 av ein seinare samla syskenflokk av 7 brør. I 1910 flytte familien til strandstaden Sand, der faren hadde fått stilling som lærar og seinare var overlærar gjennom mange år, dertil ordførar i ein lengre periode. Eirik Vandvik kjente seg alltid seinare i livet sterkt knytt til Suldal og gav i både skrift og tale ofte uttrykk for si kjensle av gjeld til det suldalsk kultur, språk og forteljartradisjon hadde gjeve han i barndom og oppvekst. Vandvik vart gift 1935 (i Oslo) med fysioterapeut Ragna Hamar f. 10.06.1909; foreldre folkehøgskulestyrar Olav S. Hamar og husmor Johanne Elisabet f. Vassbotn, frå Hovdebygda i Ørsta, Sunnmøre. Born Bodvar f. 01.08.1937, Jorunn Inger f. 16.01.1939, Tone f. 06.06.1947. UtdanningVandvik to examen artium ved Volda Landsgymnas i 1923. Han tok språkleg-historisk embetseksamen (latin hovudfag, gresk og tysk bifag) ved Universitetet i Oslo (UiO) i 1934. Innan sluttført embetsstudium vann han i 1933 H.M. Kongens gullmedalje for avhandlinga Genitivus und Ablativus Qualitatis im Latein. Fire år etter sluttført embetsstudium vart han på grunnlag av avhandlinga Rhytmus und Metrum. Akzent und Iktus tildelt doktorgraden og kreert dr.philos. i 1938. YrkeslivI yngre vaksne år hadde Eirik Vandvik mangt arbeid ved sida av studiane, m.a. som lærar i folkeskulen i Jelsa i Ryfylke (1923-24), og som lektorvikar ved Sand middelskule (1924-26), ved Eidsvoll Landsgymnas (1928-29) og Rogaland Landsgymnas på Bryne (1931-32) Etter embetseksamen hadde han ulike tilsetjingar ved Klassisk Institutt ved UiO med plikt til undervisning i latin til førebuande prøver (1935-46). Han var universitetsstipendiat i klassisk filologi (1936-41) og seinare i 1940-åra professorvikar i klassisk filologi og mellomalderlitteratur og lærar i latinsk stil for filologistudentane. Etter eitt år som lærar ved Nansenskulen i Lillehammer (1946-47), kom han tilbake til UiO der han vart utnemnd til professor i mellomalderlitteratur (etter avlidne Fredrik Paasche) i 1949. I 1952-53 var han gjesteprofessor med Fulbright-stipend ved Yale-universitetet i USA; under USA-opphaldet vart han alvorleg sjuk og døydde kort etter heimkoma hausten 1953. VerksemdI tillegg til sin innsats i vitskapleg arbeid, var Eirik Vandvik aktiv på mange andre felt. Særskilt kan det nemnast hans formidling av antikkens kultur og åndsverdiar gjennom ei rad skriftstykke og bøker i tillegg til omsetjingar av Iliaden og fleire av dei store greske tragediane til nynorsk, og ei omfattande skribent- og føredragsverksemd innanfor den norske kultur- og samfunnsdebatten, mellom anna om målsak, skule og oppseding. Han var medlem av Det norske vitenskapsakademi frå 1950, i 1952 vart han innvotert som medlem av Den norske forfatterforening. Bibliografi
Posthumt vart òg utgjeve
268 s. portr. Priser
Bakgrunnsstoff |