Eddie Cochran
Eddie Cochran (3. oktober 1938–17. april 1960) var ein amerikansk rock and roll-pioner som i den korte karrieren sin hadde ein liten men varig innverknad på rockemusikken gjennom gitarspelinga si. Rockabilly-songane til Cochran, som «C'mon Everybody», «Somethin' Else» og «Summertime Blues», fanga tenåringsfrustrasjonen og begjæret seint i 1950- og tidleg i 1960-åra.[1] Han døydde i ei trafikkulukke i London, der både forloveden og songaren Gene Vincent overlevde. Han rekte å gje ut tre album før han døydde, og ei rekkje tidlegare uutgjevne opptak har òg kome sidan. På trass av den korte karrieren sin, har Cochran hatt ei stor tyding for rockemusikk sidan. Han var ei inspirasjonskjelde både for beat- og mod-rørslene på 1960-talet og punk-rørsla på 1970-talet. Songane hans har seinare vorte spelt av blant andre The Who, The Beach Boys, Sid Vicious, The White Stripes og Paul McCartney. I 1987 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Cochran var ein av dei største inspirasjonskjeldene til Joachim Nielsenog Jokke & Valentinerne-songen «Kong Eddie», frå albumet Frelst! er ein hyllestsong til ære for Eddie Cochran. DiskografiPlasseringane er frå Billboard Hot 100. Singles
Amerikanske album
Britiske album
Kjelder
|