Christian Havig
Christian Møinichen Havig (4. april 1825–10. april 1912) var ein lensmann, gardbrukar og stortingsrepresentant, fødd på garden Havika i Overhalla i Namdalen. Christian Fredrik Havig var sonen hans. Havig var fødd i Overhalla, men familien flytta til Vikna då han var i barneåra. Han fekk lite undervisning utanom omgangsskulen. På eiga hand lærde han seg så mykje at han fekk arbeid på kontoret hos lensmannen i Nærøy og Vikna. Seinare, 1848, vart han tilsett hos slektningen, lensmann Jørgen Havig i Namsos. I 1854 kom Havig med i Namsos bystyre, i 1858 ordførar i byen og forlikskommissær 1856-58. År 1858 vart Havig sett til lensmann i Vefsn i Nordland. Denne stillinga hadde han heilt til 1904, då vart han etterfylgd av sonen Thorleiv N. Havig. Allereie i 1859 vart han medlem av heradsstyret i Vefsn, ordførar 1905. Elles var han forlikskommissær 1859-66 og kasserar i den lokale sparebanken 1860-70, formann i skulestyret og formann i matrikkelkommisjonen i Vefsn. Havig representerte Nordlands amt på Stortinget frå 1871, der han hadde sete fram til 1888. I perioden 1871-74 var han medlem av justiskomite nr 1. Frå 1875 vart han medlem av jarnbanekomiteen, formann i denne frå 1880 til 1888. 1874-76 var han sekretær i Odelstinget, deretter sekretær i Stortinget 1877-85. Han var medlem av riksretten 1883–84, ei tid som mellombels president. Lagtingspresident 1886-88. I 1884 vart Havig medlem av den parlamentariske jurykommisjonen. Seinare, 1899-1905, medlem av riksskattekommisjonen. Lokalt engasjerte han seg for at fleire leiglendingar skulle få høve til å kjøpe gardane dei dreiv, og han arbeidde for innføring av norsk opplæringsmål i skulen. Han var leiar av Vefsn skulestyre då det i 1900 gjorde vedtak om at skuleelvane skulle bruke lærebøker på nynorsk mål. Havig var mellom dei som i 1905 tala for at Noreg skulle verte republikk. Christian Møinichen Havig døydde i 1912. C.M. Havigs gate i Mosjøen er oppkalla etter han. Kjelder
|